Personvern
Handsaming av personopplysningar frå www.vestnorskfoto.no
Vestnorsk Foto v/ dagleg leiar er ansvarleg for handsaming av våre personvernopplysningar.
Vestnorsk Foto handsamar ikkje personopplysningar utan at det ligg føre eit lovleg grunnlag for handsaming ut over det som er naudsynt for å handtera eit lovleg handsamingsføremål. Våre underleverandørar har kun lov til å handsama personopplysningar i høve til vår ordinær datahandsamingsavtale og i høve til krav om informasjonstryggleik.
Opplysningar fra våre nettsider vil kun bli brukt til statistikk, samt drift, vedlikehald og betring av nettstaden.
Me handsamar personopplysningar i tråd med gjeldande lovverk og sel ikkje personopplysningane dine til tredjepartar.
Vestnorsk Foto har ikkje ansvar for innhald eller handsaming av personopplysningar på eksterne nettstader det blir lenka til.
Du har rett til innsyn i eigne personopplysningar som blir handsama om deg. Du har også ein rett til å krevja at personopplysningar om deg blir retta dersom dei syner seg å vera ukorrekte eller ufullstendige. Vidare har du også ein rett til å bli gløymd, som betyr at du kan krevja at personopplysningar om deg blir sletta. Med mindre det føreligg eit særskilt lovgrunnlag for framleis handtering av personopplysningane vil dei bli sletta. Det er frivillig å gje frå seg personopplysningar, og eit samtykke til handsaming av personopplysningar kan alltid trekkast attende.
Sjå kontaktinformasjonen vår om du ynskjer å å koma i kontakt med oss.
Denne nettsida nyttar informasjonskapslar (cookies) for å gjera brukaropplevinga di betre, og for å tilpassa innhald som du får basert på korleis du brukar nettsida. Nettstaden brukar Google Analytics for å analysera bruken av nettsidene. Me får informasjon om kva sider som er mest besøkte, kvar brukarane kjem frå, og på kva tidspunkt sidene er mest besøkte osb.
Ved å fortsetja å bruka nettstaden aksepterer du desse vilkåra.