Frå kaos til klargjort – me kan også hjelpa deg med heile prosessen
Å førebu ein eigedom for sal handlar om meir enn berre bilete. Foto er kjernen i det me tilbyr hjå Vestnorsk Foto, men me kan også hjelpa til med rydding, vasking og klargjering av eigedomen som ei tilleggsteneste, slik at han blir presentert frå si aller beste side.
Å selja ein eigedom er ein stor prosess – me er her for å gjera den enklare for deg.
Me veit at det kan vera overveldande å førebu ein eigedom for sal. Difor tilbyr me meir enn berre eigedomsfoto – me gir deg den hjelpa du treng gjennom heile prosessen:
Befaring og planlegging: Me vurderer eigedomen saman med deg og finn den beste løysinga for å presentera han frå si beste side.
Rydding og avfallshandtering: Me tek hand om rydding, sortering og levering av avfall til gjenvinning.
Nedvask og styling: Me sørgjer for at eigedomen ser ryddig, reingjort og innbydande ut, klar for visning.
Koordinering og transport: Me hjelper til med transport og samarbeidar med kjøparar eller mottakarar av eigedelar for å sikre ein smidig prosess.
Lat oss ta oss av detaljane, slik at du kan fokusere på det som er viktigast for deg. Me gjer prosessen enklare, tryggare og meir effektiv – frå start til slutt.

