Eigedomsfoto som lukkast – og meir til
Vestnorsk Foto er ekspertar på eigedomsfoto og hjelper deg med å presentera eigedomen din på ein estetisk og informativ måte. Som totalleverandør tilbyr me ikkje berre foto, men òg hjelp med rydding, vask, flytting og styling – alt for å sikra at eigedomen din blir vist fram frå si aller beste side.
I tillegg tilbyr me eit breitt spekter av andre fototeneste, inkludert bedriftsfoto, eventfoto, familiebilete, dronefoto, portrettfoto og bryllupsbilete.
Vestnorsk Foto – der profesjonelt arbeid møter personleg engasjement.
Eigedomsfoto
Andre fotoprodukt
Arbeidsplassar og næring – vis fram folka som gjer verksemda di unik
Vil du syna fram dei flotte medarbeidarane dine og arbeidet dei gjer? Bilete og filmsnuttar som viser verksemda i aksjon, gjer seg godt på nettsider, i sosiale medium og i reklamemateriell. Me tilbyr profesjonelle bilete som fangar kvardagen på arbeidsplassen – frå bilete ved kaffimaskina og andre sosiale treffpunkt, til gruppebilete, portrett og situasjonsbilete. Med eit variert utval av innhald har du alltid noko som passar til ulike føremål.
Bryllaup – forevige kjærleiken og dei store augneblinka
Det er få ting som er meir givande enn å få vera med å feira kjærleiken. Å forevige augneblinka frå den store dagen, frå latter og glede til tårer og alvor, krev erfaring, eit godt blikk for detaljar og evna til å fang stemninga nett slik ho er. Med vårt fokus på kvalitet og estetikk sikrar me at minna frå bryllaupsdagen blir tatt vare på for alltid.
Eventfoto – fang augneblinka frå store og små arrangement
Idrettslag og cup, lokalt meisterskap eller toppkamp – me hjelper deg med å forevige augeblinka som betyr mest. Aktivitetsfoto fangar fart og spenning, medan lagbilete gir eit varig minne av heile laget eller gruppa, anten det er fotballaget, 4H-klubben eller andre samanslutningar. La oss sørgje for at alle augneblinka blir fanga, både på og av banen.
Familiebilete – naturlege minner frå heimen din
Ein fotograf kjem heim til deg med studiooppsettet sitt og tek bilete av deg og familien din i trygge og kjende omgjevnader. For mange kan studiobilete kjennast litt uvant, men når fotograferinga skjer heime, blir det enklare både for små og store å slappe av. Resultatet? Vakre, naturlege bilete som fangar familien slik de er – ekte og avslappa.
Pressefoto og fotojournalistikk – bilete som fortel ei historie
Skal du dokumentera ei viktig hending, dekka ei sak for media eller treng profesjonelle pressebilete? Me leverer foto som ikkje berre fangar augneblinken, men som fortel historia bak. Som fotojournalistar tilpassar me oss situasjonen og sørgjer for bilete som er skarpe, relevante og klare til bruk i aviser, magasin eller digitale plattformer.
Gravidmage og nyfødtbilete – minner for livet
Nokre bilete blir ekstra verdifulle med tida, og bilete av magen som romma eit nytt liv, eller dei første dagane med den nyfødde, er blant desse. Lat oss hjelpa deg med å fanga desse unike augneblinka. Kanskje du også vil invitera besteforeldre, onklar og tanter til å vera med på fotograferinga, slik at heile familien kan dela gleda og minna med det nye, vesle vidunderet i familien.
Ta kontakt
Ring Christian Blom på tlf
+47 906 05 085
Eller bruk kontaktskjema.
Treng du fotoprodukt? Ta kontakt så finn me ut av det saman.
Folka
-

Christian Blom
Fotograf
-

Rune Andre Blom
Styreleiar
-

Andreas Handegård
Styremedlem